TRYGGE HENDER

Ho var der akkurat 

når eg trengte det 

og når eg ikkje trengte det 

Ho såg meg akkurat 

når eg trengte det 

og når eg ikkje trengte det 

Ho tenkte om meg 

ho tenkte rundt meg og 

ho tenkte på meg 

Ho gav meg alt eg bad om 

og alt eg ikkje bad om 

Hennar omsorg og varme 

gjorde natta 

mi trygg og mjuk 

Ho losa meg igjennom

dei tunge timane 

og tok vekk smerter 

og dystre natt-tankar 

med si kyndige hand 

Ho beskytta meg 

som om eg var 

plommo i egget 

Og ho, ho var dei mange 

i det fine teamet på kir avd Voss 

Pasijento Borghild