STIGESPELET

Livet med kreft
er som å spela
stigespelet

I eit øyeblikk
er du på
full fart mot
mål
med siger i blikket
Du har kome langt
Du har kome til
ruta
med klatrestigen
Du rykkjer
framover
og innbiller deg at
akkurat
du
er ein vinnar i dette
gamet
Men nådelaust
brått
har terningen
trilla
til feil ruta
Alle framstega og radene
du hadde jobba
deg igjennom
blir som forgjeves
Du rykkjer
hensynslaust
tilbake
til
start
Du må igjen
henta fram
pågangsmotet
og begynna
på nytt
Akkurat slik
er livet med
kreft

Borghild, mai 2022