MED KREFT I BAGASJEN
Du ventar og ventar
på neste beskjed
Går pila opp
eller går den ned
Fekk du papiret
der du bestod
eller datt du rett i do
Uvissa ligg der
klam og stor
Umuleg å beskriva
med enkle ord
Legen sit med fasit
og CT svar
Smiler ho i dag
eller er ho litt rar?
Du ser etter svaret
før det blir sagt
Tida står stille
du sit i givakt
Kroppen er spent
som ein felestreng
Hjernen din jobbar
på høggir og spreng
Med kreft i bagasjen
har du aldri fred
Veit aldri om pila peikar
opp eller ned
Borghild - juli 2022