Uhøvla materiale - dikt og livstankar

Siste CT-svar gjekk som eg frykta.
Kreften veks, så no må eg tilbake til cellegift igjen. Og det er svært lite oppløftande.
Men eg har ikkje hatt tid å setja meg ned å grina og stura.
For no har eg hatt full jobb med å klargjera mitt livs store prosjekt!
Boka mi « Uhøvla materiale» gjekk i trykken sist veke og eg er klar for stor lanseringsfest fredag 30.september kl.16.00-17.30 her på Voss i bygget «Knutepunktet».
Alle som ynskjer å komma på boksleppet er hjerteleg velkomne. Så skulle du vera i nærheten av Voss, set eg pris på om du kjem på boksleppe.
Du kan melda deg på her, eller berre komma spontant innom.
Her blir det høgtlesing, tale, musikk og bobler.

Boka "Uhøvla materiale" er ei samling av dikt og livstankar, der eg tenkjer høgt om små og store hendingar i livet, spesielt dette med korleis der er å leva med uhelbredeleg kreft.
Kanskje den vil treffa deg i dine tankar, og at den kan gje deg både styrke, mot og hjelp i livets utfordringar. 
Eg har tenkt høgt om følelsar, følelsar som nesten er ubeskrivelige. 
Håpar eg har klart å formidla dette med å vera ærleg, tydleg og direkte slik at dei er gjenkjennande.
Eg har stor tru på at openhet gjev styrke.

Bestillingslink:
https://forms.gle/AKGpsT4XQzouTBtj7

Borghild Ygre SkorveKommentar